onsdag 17. februar 2010

1. innlevering - video og blogg

Eg har laga eit læringsobjekt til eit skuleavisprosjekt. Eg er ikkje i jobb akkurat no, men skulen her i bygda skal no ta til med årets skuleavis og eg valde å i den anledning gje dei ein video til oppstart. Eg har laga denne videoen med tanke på 4.-7. trinn, men den kan nok også brukast på andre trinn.



Eg valde å bruke bilete frå demo-utgåva av Sogn Avis si nettavis, og sjølv lese inn tekst. Eg har funne litt informasjon om skuleavis på skolenettet.no, og elles brukt sunn fornuft, eigen viten og utforska aviser. Eg har ikkje sjekka korleis det er med opphavsretten til nettavisa, men reknar med at det ikkje burde vere noko problem så lenge det ikkje er til kommersielt bruk. Eg kunne dessutan teke bilete av ei avis sjølv, noko eg også gjorde først, men fann ut at bileta vart betre på denne måten.
Eg har laga fleire dreiebøker med bileta, og endra på dei. Først hadde eg fleire bilete, men fann ut at det vart for kjappe skift. Eg hadde også ei litt anna rekkefølge, men endra den av praktiske grunnar med tanke på kva eg ville legge inn av kommentarar.

Eg har brukt Windows Movie Maker 2.6, men tykkjer ikkje dette er noko godt program. Eg har tidlegare brukt studio 8 (som ikkje er eit gratisprogram), og kjem nok til å bruke det om eg skal lage fleire filmar. Det er fleire funksjonar i det programmet som eg sakna i Movie Maker.

Kommentarane skreiv eg med bakgrunn i informasjonen eg fann på skulenettet.no, Sogn Avis og det eg elles tenkte eg ville ha med, og så med tanke på at eg kjenner elevane og har sett dei tidlegare avisene dei har laga. Deretter las eg inn denne teksten sjølv. Sidan eg ikkje snakkar ei rein ”nynorsk” dialekt, valde eg å ”legge om”. Eg er ikkje særleg nøgd med resultatet, og vil prøve å få nokon andre til å gjere dette for meg ein annan gong. Eg tykkjer også at eg ikkje har ei særleg god stemme til denne bruken. Eg høyrer også at eg ikkje klarte å holde det same volumet eller måten å snakke på, noko som eg syns gjer filmen hakkete. Så på dette området ser eg absolutt at filmen har stort forbetringspotensiale.

Elles er eg fornøgd med resultatet. Eg trur filmen vil gje elevane ein god start på prosjektet, og få i gang tankar om korleis dei vil lage si avis. Eg tenkjer at det er lurt å gje dei eit innblikk i korleis ei ordentleg avis ser ut, for å gje dei inspirasjon til å lage ei avis, ikkje berre ei samling med tekstar. Eg tenkjer også at denne filmen vil vise alle elevane detaljane, i staden for at læraren står fremt i klasserommet og peikar på ei avis dei ikkje ser. Her både ser og høyrer alle.

Dette er sjølvsagt berre ein smakebit av starten på dette prosjektet.

tirsdag 2. februar 2010