onsdag 23. juni 2010

fredag 14. mai 2010

Creative Commons, innlevering 4

Artikkelutdraget er henta frå: http://www.dinside.no/809248/beskytt-deg-mot-conficker


Creative Commons (CC) er ein verdensomspennande organisasjon som har som mål å leggje til rette for deling av ånsverk på nett, samtidig som dei vil ta vare på opphavsretten. Dei lagar ferdige avtalar/lisansar for bruk på digitale åndsverk. Desse avtalane har tilhøyrande spesiallaga symbol som ein enkelt kan leggje på bloggen sin, til eit bilete, ein tekst eller andre digitale verk ein har laga sjølv. Desse avtalane opnar for at andre kan bruke ditt åndsverk til eigne produksjonar, men på visse vilkår.

Alle avtalane har som krav at du som skapar vert namngitt, i tillegg til ein del andre (for skaparen valfrie) vilkår. Du kan t.d . gje andre mogelegheit til å bruke ditt verk i eigne presentasjonar, men dei må då namngje deg og dele arbeidet på like vilkår som du har delt ditt arbeid. Sjå her for meir informasjon om dei ulike lisensane.

Creative Commons avtalane er med på å gjere det meir forståeleg for brukarar korleis dei kan nytte eit verk dei finn på nettet. Og dei er med på å sikre at verk ikkje vert missbrukte eller stolne, på tvers av skaparen sine ynskje og rettar. Dette skapar eit betre samarbeid og lovlydig åtferd på nettet.

For å lage din eigen CC-lisens gå hit

Lenkjer:

tirsdag 27. april 2010

GeoAtlas

Eg har laga ein artikkel i GeoAtlas om felespelaren Klaus Sande frå Nessane (mi heimbygd). Du finn den her

Eg har laga denne artikkelen med tanke om at den skal kunne brukast i barneskulen. Dette fordi skulen i bygda er ein 1-7 skule. Artikkelen kan brukast i mellom anna musikkfaget, og i arbeid med å bli kjend med lokalmiljøet og den lokale historia. Det at vi har ein såpass anerkjend felespelar (i folkemusikkmiljøet) frå bygda vår, tykkjer eg er viktig å lære elevane. Det er viktig å sjå den lokale historia på alle plan, mellom anna folkemusikken, stølsdrifta og krigstida. Og eg meiner GeoAtlas er ein ypparleg ressurs for skulen i arbeidet med både det heilt lokale i bygda, men også i kommunen og fylket.

GeoAtlas er eit veldig enkelt verktøy å bruke for lærarar. Det er ganske enkelt både å sette inn tekst, bilde, lyd og film. Og dette gjer programmet brukarvennleg. Det er ein fast mal, som gjer at ein slepp å bruke tid og energi på utsjånad. Det ordnar seg sjølv, og ein berre vel kva rekkefølgje dei ulike elementa skal kome i. Det var lurt å ha alle elementa klare før eg gjekk inn i GeoAtlas og laga artikkelen. Eg hadde skrive teksten i Word, laga filmen i Studio9, bileta låg klare, og eg hadde funne dei linkane eg ville bruke. Det gjekk difor veldig fort å lage sjølve artikkelen.

Eg trur GeoAtlas også vil være veldig enkelt å bruke for elevar. Og dette er ein god ressurs med tanke på å kunne dele med kvarandre på tvers av klassetrinn, skular, kommunegrenser og fylkesgrenser. Men her er det viktig at læraren kvalitetssikrar artiklane før dei vert publisert.

Fordi det stadig vert lagt ut nye artiklar vil denne basen berre vakse seg større og større, og ressursen vil verte meir og meir nyttig. Det at t.d. lærarar kan lage artiklar for bruk til eit emne i sin eigen klasse, men samtidig dele denne artikkelen med lærarar i andre klassar, andre skular og befolkninga elles, i all tid framover, er ein kjempenytte!

Eg kjem nok til å bruke GeoAtlas meir i framtida. Dette er også svært aktuelt for meg, sidan eg skal jobbe i Sogn og fjordane og dei fleste artiklane er herifrå.

onsdag 17. februar 2010

1. innlevering - video og blogg

Eg har laga eit læringsobjekt til eit skuleavisprosjekt. Eg er ikkje i jobb akkurat no, men skulen her i bygda skal no ta til med årets skuleavis og eg valde å i den anledning gje dei ein video til oppstart. Eg har laga denne videoen med tanke på 4.-7. trinn, men den kan nok også brukast på andre trinn.



Eg valde å bruke bilete frå demo-utgåva av Sogn Avis si nettavis, og sjølv lese inn tekst. Eg har funne litt informasjon om skuleavis på skolenettet.no, og elles brukt sunn fornuft, eigen viten og utforska aviser. Eg har ikkje sjekka korleis det er med opphavsretten til nettavisa, men reknar med at det ikkje burde vere noko problem så lenge det ikkje er til kommersielt bruk. Eg kunne dessutan teke bilete av ei avis sjølv, noko eg også gjorde først, men fann ut at bileta vart betre på denne måten.
Eg har laga fleire dreiebøker med bileta, og endra på dei. Først hadde eg fleire bilete, men fann ut at det vart for kjappe skift. Eg hadde også ei litt anna rekkefølge, men endra den av praktiske grunnar med tanke på kva eg ville legge inn av kommentarar.

Eg har brukt Windows Movie Maker 2.6, men tykkjer ikkje dette er noko godt program. Eg har tidlegare brukt studio 8 (som ikkje er eit gratisprogram), og kjem nok til å bruke det om eg skal lage fleire filmar. Det er fleire funksjonar i det programmet som eg sakna i Movie Maker.

Kommentarane skreiv eg med bakgrunn i informasjonen eg fann på skulenettet.no, Sogn Avis og det eg elles tenkte eg ville ha med, og så med tanke på at eg kjenner elevane og har sett dei tidlegare avisene dei har laga. Deretter las eg inn denne teksten sjølv. Sidan eg ikkje snakkar ei rein ”nynorsk” dialekt, valde eg å ”legge om”. Eg er ikkje særleg nøgd med resultatet, og vil prøve å få nokon andre til å gjere dette for meg ein annan gong. Eg tykkjer også at eg ikkje har ei særleg god stemme til denne bruken. Eg høyrer også at eg ikkje klarte å holde det same volumet eller måten å snakke på, noko som eg syns gjer filmen hakkete. Så på dette området ser eg absolutt at filmen har stort forbetringspotensiale.

Elles er eg fornøgd med resultatet. Eg trur filmen vil gje elevane ein god start på prosjektet, og få i gang tankar om korleis dei vil lage si avis. Eg tenkjer at det er lurt å gje dei eit innblikk i korleis ei ordentleg avis ser ut, for å gje dei inspirasjon til å lage ei avis, ikkje berre ei samling med tekstar. Eg tenkjer også at denne filmen vil vise alle elevane detaljane, i staden for at læraren står fremt i klasserommet og peikar på ei avis dei ikkje ser. Her både ser og høyrer alle.

Dette er sjølvsagt berre ein smakebit av starten på dette prosjektet.

tirsdag 2. februar 2010

torsdag 21. januar 2010

Dette er meg

Eg heiter Ida Linde og bur på Nessane i Balestrand kommune, i Sogn og fjordane. Der bur eg saman med sambuaren min og dottera vår på snart 2 år. Eg er fulltidsstudent, og er no i gang med siste semester på allmennlærarutdanninga.

Dette semesteret tar eg eit fag som heiter Produksjon av nynorske digitale læringsressursar (PNDL), i tillegg til Spesialpedagogikk. Tidlegare har eg teke Naturfag og Matematikk 3. Eg valde PNDL fordi eg ynskte eit fag og ei utdanning som er framtidsretta og nyttig. Eg interesserer meg for bruk av digitale læringsressursar, og ynskjer å få meir oversikt over kva som finst av mogelegheiter. Av di dette er ein så stor og viktig del av læreplanen i gunnskulen, tykkjer eg det er alt for dårleg kompetanse på dette området i skulen. Og meiner difor at eit fag som dette er svært viktig.

Eg håpar eg etter dette kurset sit igjen med ein del kompetanse i bruk og produksjon av digitale læringsressursar. Og at eg kan gjere ei datamaskin nynorsk, og sørge for at mine framtidige elevar får gode læringsressursar på nynorsk.

tirsdag 19. januar 2010

Wiki...

Rett vidare på noko nytt. No skal vi bidra på høgskulen si wiki-side http://aorwiki.hisf.no/index.php/Hovudside

Spennande dette. Men det er mykje å setje seg inn i. Tek nok litt tid før bruken av det går av seg sjølv...

Her er ein video vi fekk sjå, som forklarar litt forskjellen på ei vanleg nettside og ei wiki-side. Og visar korleis ein wiki fungerar.

Ny blogg

Då er eg igang med eigen blogg. Første gong, så dette vert spennande :)