torsdag 29. januar 2015

Naturfageksperiment på YouTube

Sjekk ut desse kanalane på You Tube; SpanglerScienceTV og SickSience
Mange stilige og spennande eksperiment å vise eller prøve med elever :)



mandag 1. september 2014

Barnesang-database


Barnesanger.no - syng og vær glad!


http://www.barnesanger.no/

Kom over denne flotte sida med alle barnesongar, rim og regler, leikar, vitsar og gåter du kan tenkje deg. Det er ikkje så mange på nynorsk, men det er berre å oversetje.
Her finn du tekst, melodi og forklaringar på bevegelse, dans og gjennomføring.

søndag 8. juni 2014

DuBestemmer.no

Eit undervisningsopplegg om personvern og digital dømmekraft.

Her er det mykje bra å finne! Filmar, historiar, artiklar, fakta, diskusjon, oppgåver og regelverk.
Ein nytting ressurs i opplæringa f.o.m. 4./5. klasse


onsdag 29. januar 2014

Simply fractions - godt øvingsverktøy til brøk









Eit heilt enkelt spel/app for dei minste til å øve på enkle brøkar. Her kan dei øve på ulike måtar: 


Her finst det fleire appar med ulik vanskegrad: 





Flotte og enkle appar til mengdetrening med rask tilbakemelding :)

tirsdag 21. januar 2014

DragonBox - slik kan alle lære algebra!





Eg lasta ned dette spelet/appen på nettbrettet til barna, og jøss!! Med dette spelet kan alle lære og forstå algebra. Det er enkelt! Barna/elevane kan spele seg fram til det. Det startar med figurar og nokre få reglar. Så vert fleire og fleire reglar innførte, og etterkvart også x og andre bokstavar, brøkstrek og dei ulike tegna.

Make it so the red DragonBox is alone.

Det er tydeleg forklart billedleg og på norsk.

  


Prøv det og bruk det!

onsdag 23. juni 2010

fredag 14. mai 2010

Creative Commons, innlevering 4

Artikkelutdraget er henta frå: http://www.dinside.no/809248/beskytt-deg-mot-conficker


Creative Commons (CC) er ein verdensomspennande organisasjon som har som mål å leggje til rette for deling av ånsverk på nett, samtidig som dei vil ta vare på opphavsretten. Dei lagar ferdige avtalar/lisansar for bruk på digitale åndsverk. Desse avtalane har tilhøyrande spesiallaga symbol som ein enkelt kan leggje på bloggen sin, til eit bilete, ein tekst eller andre digitale verk ein har laga sjølv. Desse avtalane opnar for at andre kan bruke ditt åndsverk til eigne produksjonar, men på visse vilkår.

Alle avtalane har som krav at du som skapar vert namngitt, i tillegg til ein del andre (for skaparen valfrie) vilkår. Du kan t.d . gje andre mogelegheit til å bruke ditt verk i eigne presentasjonar, men dei må då namngje deg og dele arbeidet på like vilkår som du har delt ditt arbeid. Sjå her for meir informasjon om dei ulike lisensane.

Creative Commons avtalane er med på å gjere det meir forståeleg for brukarar korleis dei kan nytte eit verk dei finn på nettet. Og dei er med på å sikre at verk ikkje vert missbrukte eller stolne, på tvers av skaparen sine ynskje og rettar. Dette skapar eit betre samarbeid og lovlydig åtferd på nettet.

For å lage din eigen CC-lisens gå hit

Lenkjer: